Florø

 

Mangfaldet vart avløyst av «pils» der den einaste smaksskilnaden er etiketten. No er sirkelen slutta. Handverkarane er tilbake og dei byr på øl med smak, karakter og kvalitet.

Det norske folk kjøper «industriøl». 99 prosent av det ølet som blir drukke i Noreg er produsert av to store og tre mellomstore bedrifter: Carlsberg/Ringnes (52,5 prosent), Hansa/Borg (29,2 prosent), Aas (8,7 prosent), Grans (5,4 prosent) og Mack (3,7 prosent). Dei lagar øl som folket likar, men som ølekspertane meiner smakar tilnærma det same.

Men no kjem handverksbryggeria. Dei bryggar øl som koster litt meir, men så smakar det også meir. Mykje, mykje meir!

Kinn Bryggeri

Ein av desse ølhandverkarane er Espen Lothe. Han er mannen bak Kinn Bryggeri som har tilhald i Strandgata midt i sentrum av Noregs vestlegaste by, Florø.

Vi kjenner den kraftige eimen av malt, humle og gjær når vi smyg oss inn mellom bryggekjelar, råvarer og den nyanskaffa amerikanske tappemaskinen som er trilla fram og

fyller det meste av golvplassen. Midt oppe i det heile står dagleg leiar og bryggerimeister Espen Lothe, bryggjar Tadas Kanopka og bryggerimedarbeidarane Eli Cecilie Mathisen og Anne Hukset.

– Det passar fint at de kjem på besøk i dag. No er vi straks i full gang med å tappe brygg nummer 195, 950 flasker Kinn Dampen. Deretter skal vi markere eit jubileum. Vi skal lage brygg nummer 200, det blir det ølmerket vi har kalla Bøvelen, seier Espen Lothe.

Handverk

Midt oppe i det hektiske arbeidet gir han seg tid til å forklare kva som skiljer eit handverksbryggeri frå industriell ølproduksjon.

– Vi arbeider på grunnlag av norske og utanlandske tradisjonar for ølbrygging, og lagar øl med karakter og smak. Gode oppskrifter, gode råvarer og handverksmessige metoder gjer at vi får fram den gode, karakteristiske smaken på dei ulike ølslaga. Eit viktig poeng for Kinn Bryggeri er at vi bryggar i opne kar og vi verken filtrerer eller pasturiserer ølet.

Han løfter opp ei flaske nytappa Dampen-øl:

– Dette er eit lyst, koparfarga øl brygga etter gammal amerikansk tradisjon. Dampøl var vanleg i San Francisco på 1800-talet.

Medan medarbeidarane tar seg av prosessen med tapping på flasker, korking, påføring av dei fargerike og særprega etikettane laga av den lokale designaren Oda Valle og pakking, får vi høyre kortversjonen av korleis det gjekk til då den vesle byen Florø lengst ute på kysten i Sogn og Fjordane fekk eit av Noregs mest meriterte handverksbryggeri.

– Eg starta tidleg som heimebryggar, og jakta på metodene og råvarene som kunne gi det gode ølet. Eg innsåg at eg hadde mykje å lære gjennom lesing av internasjonal faglitteratur og gjennom utprøving. Interessen utvikla seg vidare medan eg studerte ved Universitetet i Bergen og etter at eg som lektor med biologi som hovudfag underviste i den vidaregåande skulen. To førsteplassar i NM i heimebrygging var også en inspirasjon, og etter kvart modna tanken om å få til noko liknande her i Florø som handverksbryggeria Den Nøgne Ø i Grimstad og Håndbryggeriet i Drammen, seier Espen Lothe.

Gode råvarer

Perioden frå 2006 til 2008 vart brukt til innkjøp av noko utstyr, mellom anna to bryggetankar frå pionerane ved det nedlagte Baatbryggeriet i Vestnes, planlegging, brygging i liten skala og salgsarbeid. Med etableringsstipend frå Innovasjon Norge satsa han på ølbrygging på heiltid i 2009. Sidan då har Kinn Bryggeri utvikla seg raskt. Frå den forsiktige starten i 2009 då Kinn Bryggeri laga 2000 liter øl, auka det til 32 000 liter i 2010 og 76 000 liter i 2011. Målet for 2012 er 140 000 liter.

Gode råvarer er viktig for å lage godt øl. Kinn Bryggeri importerer malt frå Tyskland og England, ti ulike humlesortar frå England, Tyskland, Slovenia, Tjekkia og USA og gjær frå England og Belgia.

Til saman 19 ulike ølsortar er blitt brygga ved Kinn Bryggeri i løpet av desse tre åra. Det aller første fekk namnet Kinn Pilegrim, eit namn som knytter seg til den gamle historia om St. Sunniva som kom til øya Kinn rett utanfør Florø før ho held fram til det som vart klosterøya Selja.

Vestkyst

Den største kunden for Kinn Bryggeri er Vinmonopolet, som kjøper 2000 liter i veka av dei alkoholsterke merka Bøvelen, Slåtteøl og bestseljaren Vestkyst. Dei fører også juleølet til Kinn Bryggeri.

– Vestkyst er eit såkalla India-øl, eller India Pale Ale (IPA) som det blir kalla i heimlandet for dette ølet, England. Det vart brygga første gong på 1700-talet, og vart tilsette ekstra mykje humle for å halde seg på den lange overfarten til India. Vestkyst er eit aromatisk øl med ein kraftig og litt «kantete» smak, seier bryggemeisteren.

Resten av produksjonen går til restaurantar og butikkar. Ein del skjenkestader får også spesiallaga sine eigne merker fra Kinn Bryggeri.

«Ein øl, takk?»

 Før vi avsluttar besøket, ser vi også innom butikken som også er ein del av Kinn Bryggeri.

– Her sel vi øl under 4,7 prosent alkohol og ein del andre varer. Vi har ost og pølse som passar saman med godt øl, god olivenolje og kaffi. I dag har vi også fått inn ølglas av klassisk engelsk type med vår eigen logo, seier bryggerimeister Espen Lothe til slutt.

Vi avsluttar eit interessant besøk på det lokale bryggeriet, med ein tur rett over gata. Der ligg Hjørnevikbua pub- og restaurant. Der har dei ein ekstra attraksjon i tillegg til at dei sel smakfullt øl frå Kinn Bryggeri. Ølet blir tappa frå originale engelske handpumper.

Og såpass mykje har vi lært av bryggerimesiter Espen Lothe at heretter skal vi aldri meir seie «ein øl, takk», like lite som vi bestiller «ein mat, takk» når vi er på restaurant:

– Ein Pilegrim, takk!

Trollbryggeriet.

Besøket hos Espen Lothe og Kinn Bryggeri i Florø inspirerte til å finne ut meir om den nye bølgja av handverksbryggeri som har utvikla seg i Noreg dei siste åra. Vi tok turen til Liabygda på Sunnmøre. Der finn vi Trollbryggeriet, det einaste handverksbryggeriet i Møre og Romsdal.

– Kjartan Lied og eg starta Trollbryggeriet i 2009, men interessen for ølbrygging og ølbryggingstradisjonar har eg hatt heile mitt vaksne liv, seier Jørund Ringset

Han er gardbrukar og driv med sau, men dei siste to-tre åra har ølbrygging vore hovudnæringa. Han er tilsett i ei 80 prosent stilling i Trollbryggeriet. I tillegg arbeider Ann Kristin Lied i ei 50 prosentstilling.

– Vi starta heime på garden, held fram i ei garasje og no har vi laga oss gode og romslege lokaler for brygging og lagring i den nedlagte daglegvarebutikken i bygda. Her har vi tankar for mesking, gjæring og modning og nyleg fekk vi i hus ei topp moderne tapplinje frå Italia, seier Jørund Ringset.

Slogen-øl

Trollbryggeriet lagar Slogen-øl, inspirert av det høgreiste fjellet inst i Hjørungfjorden.

– Vi har fem øltyper: Pale Ale, Lys Ale, Brown Ale, Fjord Lys Ale og Juleøl. I tillegg har vi laga to slags spesialøl, «Fantevatn» til Brøvelsfestivalen i Velledalen, opplyser Jørund Ringset.

Også Trollbryggeriet opplever at marknaden er større enn dei kan klare å produsere.

– Vi brygga 30 000 liter i 2011. I år er planen å klare 60 000 liter. Mange butikkar på Sunnmøre sel Slogen-øl, og vi har også ein del pubar som kunder. Vinmonopoler har også vist interesse, og vi arbeider med eit juleøl som kan bli bli selt på Vinmonopolet i år.

Trollbryggeriet har også planar om å arrangere omvisningar og ølsmaking for grupper. Salg frå eigen butikk av øl under 4,7 prosent kan også bli aktuelt i framtida, men det er avhengig av salsløyve som dei førebels ikkje har.

Sunnmørsk kornøl

Den raske veksten hos den sunnmørske ølprodusenten i Liabygda får oss til å undrast over kor stort dette kan bli?

– Det er det kundene som bestemmer. Vi har kapasitet for å auke produksjonen i dei lokala vi har, og det vil i så fall bety fleire tilsette til produksjon, salg og distribusjon. Framtida får vise.

– Kva med dei gamle sunnmørske kornøltradisjonane? Kan det bli aktuelt å lage eit Slogenøl på grunnlag av slike oppskrifter?

– Kanskje. Eg har laga slikt tradisjonsøl med einer og røykt malt, og det skulle ha vore interessant å prøve det ut, seier Jørund Ringset.