Fræna
Vi tok turen til Bryggjen i Bud, og smakte på potetball, blandaball, fiskeball. Og ikkje minst, god stemning!
Enkelt og godt. Potet, mjøl og salt. Eller: Potet, mjøl, fisk og salt. Eller: Fisk, mjøl og salt. Kva er det med dette som får eit stadig større tal romsdalingar til å gå amok i matfatet kvar einaste torsdag. Svaret er at dette er hovudingrediensane i «ballj». Potetball, blandaball og fiskeball (kvitball).
– Han John Einar og ho Mona på Bryggjen i Bud lagar verdens beste ballj. Ingen tvil om det, seier ein av stamgjestene, Anne Marie Aasen. De i andre rundt bordet, Trygve Aasen, Synnøve Aarønæs, Stein Magne Løseth, Oddvar Drejer, Arne Olav Furset og Alf Vestavik, nikkar og kommenterer. Det er ikkje utan grunn at dei møtes kvar einaste torsdag året rundt for å ete middag her. Då er det ein einaste rett som er aktuell: Ballj!
Ballbuffet. Midt i den trivelege restauranten står ballbuffeten: Potetball, blandaball, fiskeball, lettsalta lammekjøt, pølser, bacon, grønsaker og potet. Med andre ord, langt frå berre mjøl, potet, salt og fisk. Det er vel noko av løyndomen med populariteten til ballen. Utan godt tilbehør blir det ikkje det heilt store. Eller finst det nokon som er så store ballentusiastar at dei «et ballen bar»? Det nektar eg å tru!
Mattradisjonar. Innehavar, dagleg leiar, kokk og vert på Bryggjen i Bud, John Einar Solheim, begynte som byssegut på fiskebåt då han var 16 år, og har sidan då gått i livets skole som kokk i 100 år (har vi høyrt ...). Han kjøpe Bryggjen i Bud av gründeren Arne Viken i 2004, og har sidan då ført det stolte mattradisjonane ved den vidgjetne restauranten vidare. No kjem han med ein dugeleg porsjon og set fram for Kortreist-journalisten. Ein ballj tå kore må det sjølvsagt vere! Eg smakar med gjennom både potetball, blandaball og fiskeball med alt tilbehør unntatt potet. Det får vere måte på ...
– Terningkast 6 på blandaballen! Kjempegodt alt det andre også, er mi høgst personlege amatørvurdering.
Kva er best? Ekspertane rundt stambordet nikkar.
– Potetballen er best. Det er no det som er skikkeleg «frenballj», seier Synnøve.
– En held ein knapp på blandaballen. Eg har smakt på blandaball mange andre stader, også i ballbyen Kristiansund, men eg er ikkje i tvil. Bryggjen i Bud har den beste, seier Anne Marie.
Smaken er så forskjellig, og med buffet får gjestene prøve seg fram. Mange tek en potetball og ein blandaball. Andre prøver alle tre sortane. Averøyingane avsluttar gjerne med kvitball som «dessert», opplyser John Einar.
Godt miljø. – Maten er viktig, men for oss er miljøet her på Bryggjen i Bud viktig. Vi kjem klokka eitt og sit til klokka tre kvar torsdag. Då får vi oss ein god prat, høyrer nytt frå bygdene og diskuterer. Av og til har han Trygve med ein gammal ting slik at vi kan gjette oss fram til kva den har vore brukt til, og han John Einar kjem med eitt eller anna problem vi skal løyse. Vi er her på søndagane også, men då er det så mykje folk er at vi ikkje kan sitje så lenge, seier Alf.
600 gjester. Slik går praten rundt bordet. Stamgjestene er ferdig med middagen, og går kvar til sitt. Snart kjem andre faste gjester rett frå jobb for å få sin faste torsdagsball.
– Eg har 40–50 trufaste stamgjester på torsdagane i tillegg til nye folk som kjem innom. Søndagane er det fullt hus, opplyser John Einar Solheim.
– Og kva er rekorden?
– Skjærtorsdag for eit år sidan serverte vi 600 gjester. Då var det fullt både oppe og nede og i teltet. Under Jazzfestivalen er det også fullt hus her. Mange av gjestene vil smake gammalsalta sei og andre gode rettar frå havets festbord, men ball er det mest populære, seier John Einar Solheim.
Så får vi sjå kva som skjer om fem dagar. Då er det Skjærtorsdag og balldag igjen på Bryggjen i Bud!
Balldag på torsdag er ein stadig meir populær tradisjon på mange kafear, restaurantar og ferskvarediskar i Romsdal. I tillegg til Bryggjen i Bud er ikkje minst Skarstua storleverandør av ballj til romsdalingar og tilreisande gjester.
God appetitt!
