Sandøy
Eg møtte han på Toroddbua ein dag i 1997. Torodd gjekk frå gjenstand til gjenstand inne på sjøbua si og fortalde om historia bak kvar einaste ting.
Forteljar. Han var ein ekte forteljar med glødande engasjement. Kvalkanonen og dei gigantiske kvalkjevane utanfor sjøbua, det grove tauverket som heng i gangen, flenseknivane, ruser og teiner, skipsutstyr, vrakgods frå kyrkjebåten som forliste 3. mai 1893, matbomma hass Gåsøy-Pål, årer, segl, gamle kompass, ein garnbøtarstol, båtmodellar og ei mengd fotografi frå fiske, kvalfangst, arbeidsliv på land og reiser.
Eg stoppar der. Du må sjølv ta turen til Toroddbua om du vil ha med deg alle detaljane. Torodd er ikkje meir. Han døydde berre 66 år gammal i 1999, men med Torodds kone Svanhild Huse og venen Ronald Brunvoll som guide fekk eg gjenoppleve noko av eg minnast frå møtet ein haustdag for 14 år sidan.
Ung kvalfangar. Ronald Brunvoll fortel:
– Han var med far sin, Peder O. Huse, på kvalfangst og fiske med «Koralen» alt som 10-åring. Kval om sommaren, sild og torsk om vinteren. Tre år seinare gjekk han inn i yrket for fullt. Seinare vart han skipper på eigen båt. Først «Harøyfjord», seinare «Peder Huse». Han dreiv kvalfangst i Canada, og Antarktis, trålfiske på Grønland og var læremeister for utvikling av moderne fiskeri i Japan og Portugal og fiskerirettleiar på Bermudas. Alt som 50-åring selde han båten, «pensjonerte» seg som fiskar og satsa på investeringar i forretningsprosjekt i Namibia, Nicaragua, Colombia, Russland og mange andre land.
Eventyrar. Igjen må vi stoppe. Igjen må eg oppmode til ein tur til Toroddbua om du vil vite meir om denne mannen og livsverket hans.
– Torodd var ein fargeklatt på Guds grøne jord. I tillegg til at han var føregangsmann og suksessrik kvalfangar og fiskar, var han eventyrar, globetrotter og forteljar. Han var lystjachtskipper i Middelhavet og i Noreg, reiste på lange turar for å oppleve framande kulturar i Kenya, Tanzania, Namibia, Sør-Afrika og Polen. Han tok Orient-Expressen frå London til Beijing og var med på eventyrlege båtturar til Antarktis.
Toroddbua. Sjøbua i Kravika vart bygd av Knut Andreas Harneshaug i 1912–1914. Torodd Huse kjøpte ho i 1982 til bruk som naust for båt og fiskereiskap, men interessa hans for kystkultur, gamle fangst- og fiskereiskapar og andre bruksting frå eldre tider gjorde at Toroddbua utvikla seg til eit privat museum.
– Mest av alt ville han lage noko han med ein sjølvironisk vri kalla ei «furtebu». Eigentleg var det ein sosial samlingsstad der han kunne samle gode vener til prat og triveleg samvere. Etter kvart utvikla så Toroddbua seg til det ho er i dag, seier Ronald Brunvoll.
Medan vi kosar med kaffi og god heimebakst servert av Svanhild Huse, lar eg blikket gli over alle detaljane på golv, vegger og tak. Gjennom vindauga skimtar vi sjøen der ute og eg minnest Torodds manande stemme då han oppmoda oss om å om å frede mørkret og lære dei oppveksande slekter til å lytte til stilla. Han var glødande engasjert, og ville så gjerne at barn og ungdom skulle få oppleve stemninga frå før elektrisiteten sette lys på kvar ei krå både ute og inne.
Vil du få med deg noko av denne stemninga, lære om kvalfangst, kystkultur og kysthistorie og om denne «fargeklatten på Guds grøne jord», kan ein tur til Harøya og Toroddbua vere ein god idé.
