Geiranger
Fastbuande og tilreisande blir lokka inn på varmande drikke.
Roa rår i Geiranger. Ingen trengsel på utsiktsplassane, stemmesurr på mange versspråk har stilna og suvenirbutikkane er vinterstrengt. No høyrest glad hoiing frå akebakken, lydar av båtbygging og lun prat i kaffibaren. Turistbygda slumrar, men søv ikkje.
– Vinteren er beste tida her i Geiranger, ingen tvil om det. Det er bra at bygda får roe seg ned etter ein hektisk sommarsesong. Frode Rørvik lener seg tilbake i lenestolen, og set den romslege kaffikoppen på bordet. Driftskoordinatoren ved Union Hotell er ein av stamgjestene hos Villa De Sving. Her i retromøblar – i bygdas einaste serveringsstad som held ope året rundt, samlar han og mange av dei 205 fastbuande seg fleire gongar for veka.
– Vi som bur her har alltid noko å sjå fram til. Når sommaren står på som verst, – gler vi oss til vinteren og rolegare tider. Og når vinteren har vart ei stund, gler vi oss til sesongarbeidarane og turistane kjem og det blir full fart i bygda. Eg likar kontrastane, seier Rørvik og feirar med ein slurk kaffi.
– Vinteren er ei fin tid. Då får eg tid til å sjå utover fjorden, nyte naturen og stilla. Det er ikkje råd om sommaren, seier Arve Løken. Han har tatt ein pause i vareteljinga etter den avslutta turistsesongen, for å slå av ein prat med dei andre i kaffibaren.
– Klart Geiranger om sommaren og no vinterstida er som dag og natt, men det er ikkje stille og dødt her slik mange kanskje trur, seier Camilla Rønneberg som saman med venninna Vivian Nydal driv den heilårsopne kaffibaren.
– Dei store besøkstala er det ikkje på denne tida av året, men vi vil gjerne gi dei fastbuande ein tilhaldsstad. Talet på fastbuande mellom 20 og 40 år har tatt seg opp dei siste åra. Difor held vi kaffibaren open på dag og kveldstid tre-fire gongar i veka.
Dei to kaffibardrivarane fortel at hotellgjester ved Union og ofte er innom Villa De Sving, og så snart vegen mot Grotli er open tek talet på kaffigjester seg fort opp.
– Men stort sett er vinter-kundane hos oss folk som bur i bygda. Geiranger har eit veldig sosialt og godt miljø, meiner Vivian Nydal og Camilla Rønneberg medan døra går opp og ein ny kunde kjem inn frå sur søraustleg vind og regn i lufta.
God plass
Denne desemberdagen skjuler grå skodde dei verdskjende fjelltoppane. Geirangerfjorden er tom for turistskip, og i dei elleve Ørnesvingane er det ingen turistbuss og bubil å sjå. På utsiktsplassen er det ingen trengsel av dei om lag 750.000 turistane som vitja Geiranger sist sommar. Spor i snøen viser at kun ein person har hatt det mektige synet av turistbygda i vinterskrud heilt for seg sjølv.
Ned bakkane på godt pløgd og strødd veg. Synet av mørke vindauge i Geiranger Hotell møter oss i turistbygda, før bilturen går opp forbi eit opplyst Union. Året rundt, unntatt eit par veker i januar, er hotellet ope. No vintertid lokkar Union med varmande spa, show og tradisjonsmat. Opp forbi vinterstengt Geo-park, Vinje Camping, Utsikten Hotell. Vidare forbi nedsnødd sti til turistattraksjonane Knuten og Flydalsjuvet og Dalen Camping når vegen flatar ut. Brøytebilen passerer i Opplendskedalen. Vind og snøfokk tek sikta, og viser tydeleg kvifor vegen over Geirangerfjellet er vinterstengt.
Båt tek form
Det har for lengst stilna av med turistar ved Norsk Fjordsenter, men døra er open for alle som vil sjå den faste verdsarvutstillinga, handle i butikken, ta lunsj saman med bygdefolk og andre som samlar seg kvar torsdag, eller ta ein titt på geitbåten som er under bygging.
– Kjekt om folk innom for å sjå korleis ein slik båt blir forma, seier restaureringshandverkar Peter Brenner. Frå januar av kjem 29-åringen frå Vestnes til å jobbe på for å få den seks meter lange treroringen ferdig til sommarsesongen. Då skal geitbåten sjøsetjast og brukast i formidlingsarbeidet på Geirangerfjorden, Sunnylvsfjorden og Tafjorden.
Stille gate
Stille og roleg, og godt med plass. Ein rusletur gjennom «gågata» i Geiranger sentrum ein vinterdag gjer det mest uråd å hugse på det høge tempoet sommarstid og menneskemengdene som går i stim. No i januar er det ingen turistryggar som stenger sikta mot velhaldne, små bustadhus og naust. No er dørene stengt inn til Vinjenaustet, Steffa-naustet og Naustkroa som sommartida er brukt til servering og sal av suvenir og klesplagg. Etter ein pause i januar startar produksjon av lokal sjokolade opp att i eit av nausta. To som jobbar er Ivar og Svein Homlong. Dei to karane styrar på ved fjorden for å få motorbåtar i vinteropplag på land.
– Bygda søv ikkje akkurat, men det er om sommaren det skjer her i bygda, seier karane og ser utover ein stille og turistbåtfri Geirangerfjord.
Få folk er å sjå langs vegane i bygda. Joker-butikken er fast tilhaldsstad, og Ola Une Liland Ferstad opnar kunstgalleriet på kort varsel. Eit skilt ved den kvitmåla trebygningen i sentrum, som rommar tre etasjar med kunst og handverk, fortel at han er kun eit minutt unna.
Utanlandske Annika, jobbar ved Union Hotell, og er ein av få som brukar vinterdagen til å gå tur.
– Naturen er så flott. Geiranger er veldig stille og roleg om vinteren, og veldig hektisk om sommaren. Eg likar begge delar, seier ho og ruslar vidare.
Aketur
Farta er langt høgare når Andreas Westerås, Silje Marie Westerås, Edel Johanne og Kristin Lovise Hole. Alma Sofie Mæland og Ingrid Therese Baade kjem susande på rattkjelke. Så snart snøen legg seg i bakkane i Geiranger er ikkje born og vaksne i bygda seine om å ta fram rattkjelkane. Ved Union står 17 rattkjelkar klare, og i mange år har hotellet arrangert akekonkurranse for hotellgjestene.
– Det er kjempekjekt, og det går kjempefort, hoiar borna når dei set av garde. Som oftast akar dei strekninga frå Flydalsjuvet, gjennom svingane forbi Hotell Union, kyrkja og heilt ned til fjorden.
– Aketuren er altfor fort over. Knapt ti minutt ned, og så 35 minutt å gå opp att, sukkar rattkjelkekøyrarane som ofte tar 4–5 turar før dei gir seg.
– Folk må kome til Geiranger å køyre rattkjelke i bakkane. Det er kjempekjekt, roper dei før dei susar av garde. På lite trafikkerte Geirangervegar. No vinterstid.

