Hareid
Yr.no hadde lova ein solrik dag, så eg bestemte eg meg for ein “kortreist” skitur til Brørene.
Med som hare var Marit Grinde Jacobsen.
Vi parkerte bilane våre på parkeringsplassen øvst på Hovset, og bar skiene om lag 40 meter gjennom eit granholt. Der låg Gamlevegen over Eidet, og skia vart påspente.
Snart var vi i Vikemyrane. Eit flatt og vått parti, så det vart å trakke seg gjennom issvollar, pors og einer. Opp til Vikeskaret blir det brattare, og tanken slo meg: dette hadde eg ikkje klart utan feller under skiene.
Enno låg landskapet i skugge, og med ein kald vind midt i mot, vart det ingen kvilestopp. Sjølv om utsikta mot Ulsteinvik sentrum, Lyngnesvika, øyar og skjer er vakker nok til det.
Vi heldt i staden stø kurs i retning Osnesdalen. Like før ein unnabakke dukka tre hytter opp i synsranda. Osneshytta nærast Lisjevatnet, Røde Kors-hytta og hytta til Gudmund Wigg høgare oppe i lia. I sør har du Kiberget, fjellet med dei karakteristiske furene på toppen.
I skaret nedanfor Mosvarden låg terrenget framleis i skuggen, men etter kvart som vi skråa oppover gjekk vi inn i sollia, og ved Gjerdehytta rigga vi oss til for rast.
Av med skiene, fram med saueskinnet og opp av sekken med nista. Aldri smaker brødskivene vel betre enn når du er sliten etter oppoverbakkar i friskluft. At kakaoen var kald, får berre vere. Sol i andletet med ryggen mot ein hyttevegg er glimt av lykke, det også.
Men vi måtte vidare. Tanken på å nå Brørene - bada i sol - lokka.
Ved ryggen av Mosvarden har du panoramautsikt mot Nordøyane, Godøya og havet. Vakkert, vakkert.
Skugge og vind
Akkurat i det vi skulle skråne i retning mot Midtibroren og Storebroren forsvann sola. Mørkeblå skyer kom drivande, og ein kald vind sende snø i kasta over fjella. Godt innepakka i ull og vindtett fjellutstyr var det eit trolsk syn.
I sterk vind skråna vi oss oppover mot Storebroren. Skyene kom tyngre og tyngre over himmelen, og draumen om sol på toppen slokna. Sliten i hendene etter stakinga begynte eg på den steinknudrete siste biten fram til varden på Storebroren.
Komen til toppen av Storebroren kjende eg det igjen; streifen av lykke. Det kan blåse så mykje det vil, men når du har kava deg 620 meter over havet og har utsyn mot Brørevatnet, Flø og hav og øyar i alle retningar, då er livet storslått og godt.
Vegen heim
Sjølv om vi tok av fellane på skiene på toppen av Storebroren, vart det ein treg tur heim. Vinden snudde, og i sterk motvind måtte vi til dels stake oss ned etter fjellsidene. Komne til Vikeskaret ville “haren” min framleis ha skiene på. Eg tok dei av. Å renne nedetter bratta med issvollar, einerøde og steinar stikkande opp er ikkje noko eg vil tilrå for vanlege folk.
Men dersom det er nok snø, er råsa vi valde så avgjort eit alternativ til å kome seg opp på Brørene.