Forside

 

Molde: Det skjer litt av kvart i Moldemarka for tida - turglade moldensarar får stadig fleire turvegar og stiar å velje mellom.

I det siste er nye kilometrar med løyper tilgjengeleg for dei som vil gå eller trille i marka.

Vi fekk med idrettskonsulent Tore Birkeland i Molde kommune og Anita Bakken, styremedlem i Molde Cykleklubb som vegvisarar i dei nye løypene, med Øverlandsvatnet som utgangspunkt.

- Eldorado. - Moldemarka er verkeleg blitt eit eldorado, her kan ein no boltre seg på vegar og stiar på kryss og tvers, på hjul eller til fots, seier Anita Bakken.

Populært. - Marka er stadig meir populær, folk strøymer til i tusental. Det har vi faktisk talfesta; i begynnelsen av juli la vi ut fotocelleteljar for å få litt oversikt over bruken. Teljing ut over sommaren viser så langt om lag 20.000 passeringar ved teljepunktet som er diskret plassert ein stad i nærleiken av Øverlandsvatnet. Overraskande mange, seier  Birkeland.

Romsleg. Vi trillar innover frå Jensgurilia, frå Øverlandsvatnet er det no turveg med svært god breidde like frå parkeringsplassen, rundt austenden av vatnet og vidare på nordsida heilt til demninga ved Bergsvatnet.

- Det vart laga anleggsveg til Bergsvatnet i samband med arbeid der, og i samarbeid med Molde vann og avløp fekk vi til ein etterbruk som turveg. Her blir det rasteplassar, fint opparbeidde kantar som skal passe terrenget godt, og universell utforming, viser Birkeland.

Turvegen med anleggvegdimensjon føyer seg på den smale «Franskeløypa» som kjem opp frå Damvokterhytta ved vestenden av Øverlandsvatnet, og dermed er det no ei fin runde ein kan ta rundt vatnet.

Eventuelt med avstikkar til idyllisk rasteplass ved Bergsvatnet. 

Med barnevogn. Ved enden av vatnet treff vi nokre av dei som har testa den løypa også med fire hjul: Vesle Isak i barnevogna protesterer slett ikkje på dagens løypeval. Mamma Signe Nordby la dagens tur i sløyfe rundt Øverlandsvatnet, og tok også ein liten tur innover Hindalen og snuste på den nye løypa der.

- Vi bruker marka mykje, oftast fleire gonger i veka. Det har blitt kjempebra med dei nye vegane! seier Signe Nordby. Som også fekk lagt inn ein liten rast saman med turvenninne Elin Hiller undervegs.

Hindalen. Turvegen vidare austover mot Tussen har ikkje anleggsvegbreidd, men er uansett brei nok til god passasje for både syklar, gåande og barnevogner.

Vegen snor seg gjennom terrenget med mindre bakkar, skog og myr litt nord for traseen der det vinterstid har vore skiløype gjennom Hindalen.

- Universell utforming var eit viktig kriterium ved utstikkinga – traseen er lagt for å få relativ jamn stigning, forklarer Birkeland.

Han måtte elles ta reprise på stikkinga: Like etter at vegen var ferdig stukke ut med merkestikker, hadde nokon det festleg med å rykke dei – dermed måtte løypestikkaren ut igjen på nytt før dugnadsgjengen frå sykkelklubben kunne gå i gang med skogrydding.

Sykkel. Den 2,5 kilometer lange turvegen er laga med særleg tanke på at dei som driv med sykling her skal ha eit godt alternativ.

- Tanken er også å få meir av sykkelbruken i marka over på stien her i kombinasjon med Tussenvegen. Så kan vi unngå mulege konfliktar mellom syklande og gåande, seier Birkeland.

Arbeidet med den turvegen er tildelt tippemidlar, og er elles finansiert av kommunen i samarbeid med sykkelklubben og den litt over snittet sykkelinteresserte bedrifta Axess.

- For klubben og oss som liker å sykle i marka er dette ein etterlengta og viktig veg.

Vi har jobba for den både i planfasen, med finansiering, og med dugnad.

No er vi veldig godt fornøgde med korleis det blir, strekninga er kjempefin for sykkel, ivrar Bakken.

Finpuss. Arbeidet med siste finpuss er ikkje heilt ferdig enno, somme stader manglar toppdekke, og nokre stader er spora etter anleggsmaskina enno tydeleg. 

Men alt skal bli fint ordna, lover Birkeland;turvegen skal ha toppdekke med grus, og tilfylling på kantane skal på plass i løpet av hausten.

Det vert også ei rekke rasteplassar på dei nye strekningane.

Bind saman. Mellom dei som finn interessante ting også i grøftekanten, er Noa (5), på tur med mamma Ida Sørgård Iversen.

- Vi er på besøk hos besteforeldre, og denne nye vegen kom som ei positiv overrasking. Vi var på Tussen og såg den frå toppen - så prøver vi den heimover igjen. Supert, seier Ida, medan Noa sjekkar korleis det renn mellom dammane på sida av stien.

På ein solblank formiddag er det jamn trafikk av turgåarar, folk som luftar bikkja, joggar eller syklar – fleire plussar på med den brattare etappen opp til toppen av Tussen.

Like under Haukarheia kjem vegen inn på Tussenvegen, i eit vegkryss skifte som altså er nokså trafikkert av både gåande og syklande.

- Vi skal på Tussen! Eller: - Vi har vore på Tussen! opplyste fleire av dei vi trefte.

Som også var rause med godord om vegane som no bind saman dei ulike delane av Moldemarka.

Anita Bakken fortel om sykkelklubbens jentetrening, gjengen er flittige brukarar av marka.

- Med dei nye løypene er det enkelt å finne rundløyper. Vi storkosar oss, ingenting får komme i vegen for den treninga, seier ho.

Opprusting. Også andre stader i Marka vert det jobba iherdig for å betre stiar og trasear.

Moldemarkas venner, Molde Byes Vel og Turistforeninga har i løpet av siste tida teke grep og jobba med mellom anna Gamle Vardevegen ovanfor Storlihytta, med strekket mellom Thiisløypa og starten på Vardevegen. Og ikkje minst med stien mellom Skihytta og Moldeheia, der Tusenårsvarden vart etablert som turmål sommaren 2000.

- Trafikken er stor og aukande, og dermed også slitasjen på terrenget, seier Anne Olsen Bolsønes, leiar for vardekomiteen i Molde og Romsdal Turistforening.

Sidan stien til Tusenårsvarden vart etablert for 12 år sidan, finn stadig fleire vegen til topps. Det er blitt mange stiar i terrenget, og fleire stader er det myr og tendens til mykje gjørme.

Dugnadsgjengen har rusta opp stigninga frå Skihytta opp mot Tjønnan, og jobbar no vidare med å legge ut klopper og steinheller frå Tjønnan og innover mot varden.

- Det er ein stor jobb. Sjølv om dugnadsgjengen står på, er det vel ikkje sikkert at vi blir ferdig i år, seier Bolsønes. Og ønskjer seg gjerne meir dugnadshjelp – til dømes frå nokon av dei mange som tek turen til den populære toppen. I 2002 skreiv 4200 seg inn i boka på toppen, i 2011 var det om lag 9000 signaturar i boka.

- Og slett ikkje alle skriv seg inn, vi reknar med at det er om lag 15.000 besøk på toppen, seier Olsen Bolsønes.

Nye etappar. - Det er kjekt å sjå kor folk bruker marka. No kan ein komme seg mellom Varden og Tusten via løypenettet, i framtida håper vi at vi kan binde saman enda fleire vegar og stiar, frå Julneset i vest via Moldemarka og Skaret til Silsethytta og Kleive / Istad-området, seier Birkeland.

Han er allereie godt i gang med arbeidet med neste etappe: Bilfri trase mellom Tussen og Skaret.