Molde
Molde: Ein gammal færing med blåmalt rip glir ut på Røvikvågen. Med seige åretak tek Rune Skjevik fatt på dagens rotur – det er verken skyfri himmel eller vindstille, men greie forhold for ein rotur likevel, forsikrar han.
Sonen Sigurd (9) sit i framskuten - denne dagen er det henting av trollgarn ved Skagodden på Skåla som er mål. Det er ein kortreist tur frå naustet like ved byggefeltet der dei bur i Røvika, om lag ein kilometer utover vågen.
Roleg. Dei to er ofte på sjøen, Rune ror ofte og gjerne ein tur for å fiske med dorg eller garn, eller berre for å nyte ei roleg stund på sjøen.
Familien har ei rekke båtar plassert i to naust; etter forhold og formål vel dei mellom liten eller stor færing, gummibåt eller motorbåt.
Men det er færingen som ligg Runes hjarte nærast, tradisjonsbåten med årar og segl.
- Det er fint å komme seg på sjøen, det er synd med alle båtane som ligg altfor mykje i ro. Folket burde komme seg på fjorden! Ekstra fint er det jo når ein kan ro. Utan motor har ein nærkontakt med elementa – og så treng ein ikkje å gå på treningsstudio, humrar roaren, han får opp varmen der han jobbar seg utover mot vind og sjø.
Plass til fleire. Rune Skjevik skulle gjerne sett at fleire finn tilbake til denne typen sjøliv, som er på vikande front. Roing som før var vanleg både for å fiske og for å komme seg fram, er ikkje lenger ein særleg dominerande aktivitet på sjøen.
- Vi bruker ikkje akkurat å møte så mange som ror, nei. Nokre entusiastar tek årane fatt, men dei fleste har jo båt med motor.
- Ein del vel gjerne å padle i staden?
- Ja, men då er det verre med fisking. Med færing får ein både roing, segling, nære naturopplevingar og høve til å fiske med både garn, dorg og anna, reklamerer Rune.
Og poengterer at turane på sjøen gir både trivsel, trim og matauk: Fangsten frå sommarturane på fjorden bli ferske fiskemiddagar, og frosen vinterreserve.
Gammal båt. Rune tek i og overvinn motvinden med seige åretak, så det skvett rundt stamnen på «lisjfæringen».
Han er «litt» over snittet interessert i kystliv, båtar og tradisjonar, og har restaurert den nær 100 år gamle færingen.
- Eg synest det er ekstra stas med ein gammal båt. Færingar er som dialektar, dei har særpreg etter kor dei kjem frå. Dette er ein Lister-type, slike vart bygde her i området etter at Knut Bersvik frå Nesjestranda i 1867 reiste ut og studerte båtbygging på Lista, fortel Rune, og forsikrar at den gamle båten klarer seg godt.
- På ein dag som denne med litt vind og sjø går den fint i sjøen – til samanlikning ville eg nok ikkje teke fram gummibåten og rodd ut med den, seier han.
- Og om ein vil skaffe ein slik båt?
- Det er muleg, det finst både nye og gamle å få tak i. Det er lette båtar å halde, eg smør denne annakvart år med tjære- og oljeblanding, ferdig med det.
Rodde til byen. Ein tur i færing gir også rom for roleg småfilosofering og tilbakeblikk.
- Før i tida var det heilt vanleg at folk rodde herfrå og til byen. Han som i si tid var førsteeigar til denne båten, budde på hybel i byen og rodde heim kvar helg. Og bestefar min rodde ofte over til Molde og selde frukt og laks på torget, fortel Rune.
Får fisk. - Pappa, du er ute av kurs, forkynner 9-åringen i framskuten, han held utkikk etter blåsene på trollgarnet.
Far justerer, roturen er snart unnagjort; der er garnet. Sigurd tek kleppen og fiskar lett om bord blåsa, så kan den spennande garntrekkinga starte.
- Ein krabbe! Og ein stor torsk! registrerer han entusiastisk.
- Og tre fine berggylter, supplerer faren fornøgd, det er hans favoritt.
- Kor skal ein fiske?
- Det må ein finne ut av. Spør lokalkjende - nokre held sine plassar hemmeleg, andre deler gjerne tips.
Medvind. Tilbaketuren går raskare, vinden hjelper til – og der kjem også sola!
Snart er vi tilbake i støa, og Sigurd inspiserer dagens fangst. Han slår fast at ingen av fiskane er større enn fisk han har fått før. Og fisk han har mist – som var såååå stor!
Fjorden har levert, og etter økta i den blåripa lisjfæringen er det ikkje vanskeleg å vere einig:
Ro-tur med færing er fole fint!