Nordvestlandet

Per Jarle Heggdalsvik har laget noen av de flotteste innslagene i NRKs program "Ut i Naturen".

Han har laget egne naturprogram med barn og unge i sentrum. Og lørdag vant fotograf og programskaperen  Per Jarle Heggdalsvik en fortjent seier i TV-kåringen "Gullruten".

Dette for programmet "Min Ungdoms vår", der han følger naturfrelste Elise Theoline Tungehaug fra Bud i Romsdal. Mens Heggdalsvik er fra øya Otrøya vest for Molde.

Nå deler han gjerne sine kortreiste favoritturer med Kortreist-leserne.

- De fieste turmålene trenger man gjerne ikke å dra så langt for å finne.

Og ikke trenger man mye utstyr heller, sier Per Jarle Heggdalsvik, som med naturfotografens tålmodighet har tilbrakt hundrevis av timer i lokalnaturen, både i godt og dårlig vær.

Her er filmskaperens fem favoritt-turer på Nordvestlandet.

Innerdalen i Sunndal.

 Du trur kanskje det er plassen for dei lange, bratte turane? Ikkje berre.

Leit opp dei små idyllane langs vatnet og elva. Bad i kulpane langs elva Renndøla. Snakk med seterfolket og få tips. Still opp til fjøstid og la ungane få sitje på ei ku. Eller berre sit på tunet og la det saktegåande seterlivet sige inn.

Lite kaffibål i fjøra.

 Kor som helst. I ei an dei hundrevis av fjører/bukter/svaberg vi har. Lag ein liten og sikker bålplass nær sjøen. Ver godt kledd. Finn ein god sitjeplass og bli sitjande. Gjerne mot kveld. Kok kaffi. Dess lengre du sit i ro, dess meir vil du legge merke til det som skjer rundt deg. Etter kvart kan du bli reint filosofisk.

Fullmånetur på ski.

 Langdalen ved Skaret i Fræna kommune, eller kor som helst nær der du bur. Desember til april.

Ein dag eller to før fullmåne med klårt vèr. Slå av hovudlykta og legg i veg. Stopp og finn ein høveleg bålplass og vent på at månen kjem opp. Ha gjerne ein termopose å sitje i så held du varmen. Magisk stemning.

Opstadhornet

Otrøya har mange fine fjellturar med utsikt. Rørsethornet på utsida og Opstadhornet på innsida. Gå opp dalen frå Nord-Heggdal. Rast ved vatnet. Ver framme på toppen når hurtigruta fer forbi. Utsikt til det meste.

Sykle ytre Romsdal

 Start med sykkeltur over øya Gossen i Aukra kommune. Ta ferja fra Småge til Finnøya. Her kan du bade i badlandet  ”Håp i havet”. Gjerne med ein avstikkar til Ona. Tilbake på Finnøya går ferda vidare over Harøya og derfra ferje til Dryna.

Sykle over Midøya og Otrøya ta ferje Solholmen til Mordalsvågen. Dette kan både være telt- og dagstur.